|
Norsk Sjømannsforbund (NSF) er eit fagforbund som vart stifta 25. september 1910 under namnet Norsk Matros- og Fyrbøter-Union. Namnet forbundet har i dag er frå 1933. Forbundet organiserar utanriks- og cruiseflåten, ferjene, supplybåtane, fiskeriflåten og innanriksfarten. Forbundet har vel 11 500 medlemmar, der knapt 10 000 er yrkesaktive. Det største einskildreialaget er Color Line med om lag 2000 yrkesaktive medlemmar i NSF. Forbundsleiar er Jacqueline Smith.
Forbundet vart tilslutta Landsorganisasjonen (LO) alt ved stiftinga i 1910, og vart med i Nordisk Transportarbeidarføderasjon, den Europeiske Transportarbeidarføderasjonen og den Internasjonale Transportarbeidarføderasjonen. NSF har hovudkontor saman med Det norske maskinistforbund som står i YS og med Norsk Sjøoffisersforbund som står utanfor hovudorganisasjonane, ein type samarbeid som er uvanleg for LO-forbunda i Noreg.
Forbundet var troleg eineste norske fagforbund som fekk førebudd realistiske krigskriseplanar etter utbrotet av Andre verdskrigen i 1939, og forbundsleiinga i Norsk Sjømannsforbund vart dermed det eineste norske fagforbundsleiinga som klarte å flykte frå den tyske okkupasjonen av Noreg 9. april 1940. Professor Finn Olstad har i «Vår skjebne i vår hånd», fyrste bind av historieverket til Norsk Sjømannsforbund, skildra korleis kriseplanen vart avgjerende i innsatsen for å hindre at den norske handelsflåten fall i tyske hender i samband med okkupasjonen. Den norske handelsflåten vart organisert i Nortraship, som då vart verdas største reiarlag, eigd av den norske eksilregjeringa i London.
Sidan Norsk Sjømannsforbund var eineste forbund i LO som hadde ei leiing utanfor det okkuperte Noreg vart dei fleste LO-medlemmar i eksil, inkludert Arbeidarpartiet sine medlemmar av London-regjeringa medlem i Norsk Sjømannsforbund den perioda krigen varte.
Bergens Stuertforening som vart stifta i 1902 er den eldste organisatoriske eininga som etter kvart gjekk inn Norsk Sjømannsforbund. Bergens Stuertforening var med i Norsk Stuert- og Kokkforbund, som i 1933 gjekk inn i Norsk Matros- og Fyrbøter-Union. Det nye forbundet tok namnet Norsk Sjømannsforbund.
|
Why are we here?
All text is available under the terms of the GNU Free Documentation License
This page is cache of Wikipedia. History